top of page

Sunnmøre Baarelag har fått ei rekkje prisar opp gjennom åra:

Kulturprisen Ørsta kommune.jpg

Kulturprisen 2021 – Ørsta Kommune.

Når Ordførar Stein Åm skulle presentere tildelinga for Kommunestyret, opna han med å seie; "endeleg!"

Dette var eit høgdepunkt for Sunnmøre Baarelag. Det var ei god kjensle i bandet denne dagen. Etter førti år kan vi kanskje halde på endå lenger? Når vi spelte for dei folkevalde denne dagen, med høgtalarar og akustiske gitarar, hadde vi tenkt å spele "Medvind" som den einaste songen. Men det vart heilt nødvendig å spele ein song til. Og sjølvsagt måtte vi spele "Ferjemann"! Og det med allsong frå kommunestyret! 

Vi let den offisielle grunngjevinga stå for seg:

"Sunnmøre Baarelag er pionerar og ein solid musikalsk institusjon. I over 40 år har bandet skapt bluesrock på Ørsta-dialekt og nynorsk. Baarelaget er førebilete og ei stor inspirasjonskjelde for mange musikk- og kulturutøvarar. Musikken har medverka til styrking av lokal identitet og kortreist kultur. Baarelaget syner ein stå-på-vilje utanom det vanlege.

Ørsta kommune vil verdsetje og heidre denne innsatsen med kulturprisen 2021.  Gratulerer! "

Vi er audmjuke og takksame! Og vi let høyre frå oss.

Målprisen Ørsta Mållag.jpg

Målprisen 2020 - Ørsta Mållag.

I grunngjevinga sto det fylgjande:

" Prisvinnaren i år har språkbruken sin godt festa i sunnmørsk talemål generelt og ørstadialalekta spesielt. Heilt sidan starten på 80-talet har vinnaren brukt den lokale dialekta som ein viktig del av det kunstnarlege uttrykket i tekst og musikk. Kjende og kjære låtar på kav sunnmørsdialekt har ljoma mellom veggane på danselokala kringom på Sunnmøre i 40 år. Ja ei tid var det nett prisvinnaren som var det mest spelte bandet på NRK radio. Det har inspirert andre band og musikarar frå Ørsta til å bruke dialekt i sine låtar, og har dermed vore med på å legge grunnlaget for at dialekt går det an å bruke både til rock, køntri og rap.

Vi vil hevde at vinnaren er "mor" til det som vi i dag kan kalla "Ørsta-lyden", for å sitere leiaren i Møre-Nytt."    Svært!

Målblomen Ørsta Mållag edit.jpg

Målblomen 2016 - Ørsta Mållag.

i 2016 fekk vi Målblomen frå Ørsta Mållag. Og det var stas! Skikkeleg stas! Igjen fekk vi stadfest at vi vart lagt merke til. Særleg vart vi glade for grunngjevinga om at vi har vore til inspirasjon for andre musikarar til å nytte dialekt og nynorsk i tekstane sine, og at talemålet vårt duger!

Medieprisen Sunnmøre Mållag.jpg

Medieprisen 1990 - Sunnmøre Mållag.

I 1990 fekk Sunnmøre Baarelag medieprisen frå Sunnmøre Mållag. Dette var ei stor ære og ein uventa gest. Uventa fordi det synte oss at nokon la merke til oss og likte det vi hadde gjort til då. Dette var når plata "Herifrå" kom ut, og når "Ferjemann på veg" "eigde"  radioen. Som Ivar Grimstad skreiv i songen "Språkjet vårt" – "..åleine i ætren dei trona! Og akkurat den songen gjekk kvar veke på NRK- Møre og Romsdal i nesten 20 år.

bottom of page