top of page

Heimatt

​

Etter eit år med spelejobbar og øving var bandet klare for eit nytt prosjekt. Bandet byrja innspelinga av ny CD ein god del eldre, men framleis med trongen i behald. Ny teknologi gjorde at innspelinga for det meste kunne foregå heime i Kyrre si stove.

I heimekoslege omgjevnader og med god hjelp frå Audiofarm studio og Svein Erik Åmås, laga bandet sin mest ”rocka” og spanande produksjon til no. Yngve Sætre sto for sluttføringa av lyden i sitt studio, Duper studio i Bergen.

 

I August år 2000 vart bandet sin tredje CD-produksjon - "KNALL"- ferdig.

Som vanleg vart utgjevinga fyld av spelejobbar, både heime og ute. Kritikarane sin dom over produksjonen var eintydig positiv, og sjølv om bandet ikkje fekk like stor merksemd mellom publikum som i dei glade åttiara, var det likevel nok aktivitet til å halde hjula godt rullande synte det seg.

Sunnmøre Baarelag 2000 - Kjell-Rune, Arne, Frode og Kyrre

Ein gong til

​

Åra vart mange og trongen til å gjere andre krumspring i musikkverda melde seg naturleg nok for alle medlemmene i bandet. Men ein tur “heimatt" til det kjende og kjære vart det alltid høve til. Ein reiser alltid “heim” innimellom. Medlemmene i bandet slutta aldri å undre seg over levekrafta songane har mellom publikum. Allsangen hjallar ofte mellom veggene på spelejobbane, og desse var det mange av, sjølv om bandet etterkvart kunne kalle seg solide veteranar i det lokale musikklivet. Andre framstormande band nemnde ofte Sunnmøre Baarelag som ei inspirasjonskjelde, musikken rusla og gjekk på lokalradioen og bandet var – som dei alltid har vore – gode kameratar. Ved 25-årsjubileet i 2005 vart det opptredenar i radio, Tv og stor feiring.

 

I 2007 gjekk bandet i studio igjen, denne gongen for å redigere samleplata “Minst like bra”. Her vart det og plass til nokre nye låtar som gjorde at plata vekte god merksemd og interesse mellom publikum. Bandet opplevde ei fornya interesse desse åra, og i 2010 var det duka for å feire 30 år! Feiringa vart krona med stor jubileumskonsert på Rust i Ørsta, der bandet heldt ein tre timar lang konsert med musikk i frå alle desse åra. Utselt hus og minneverdig for dei som var der.

bottom of page