top of page

Ei til...

Arne og Kyrre rekna eingong ut at i løpet av alle desse åra har Baarelaget halde mykje over 2000 konsertar og opptredenar av ulikt slag. Det seiest også at medlemmene (nesten) aldri har krangla. Det kan nok vere noko i desse rykta, for Sunnmøre Baarelag har ikkje gitt seg. Og motgang kan nok ofte avle inspirasjon.

 

I løpet av nokre vanskelege år hadde låtskrivar Kyrre G. klar materiale som han meinte kunne danne grunnlag for ei ny samling med musikk frå bandet. Og når medlemmene elles var einige var det berre ein ting å gjere, sett igang! Med solide bidrag frå alle i bandet kom det som er bandet sin førebels siste produksjon.

Låtane vart innspela i Kyrre sitt studio, med god hjelp frå Svein Erik Åmås i Audiofarm i Ørsta. Yngve Leidulv Sætre gjorde proft sluttarbeid i sitt studio i Bergen, og i 2016 kom låtsamlinga “Ei til”.

Fleire av låtane frå denne plata fekk svært god respons i media og på konsertar, noko som førte til at bandet innsåg at her er det berre å gi gass vidare.

Plutselig kom 2020 og Baarelaget feirar 40-års jubileum som live-artist med fleire store konsertar på t.d. Nynorske Festapela og Trandalblues. 40 år og fortsatt i levande live - Heilt sjukt !

Vell vell, bandet er betre enn nokon gong og har ingen planer om å gi seg no. Vi venter i spenning på neste trekk og neste låt...  

​

Sunnmøre Baarelag 2016 - Totto, Frode, Arne, Kyrre og Kjell-Rune

Historia om Sunnmøre Baarelag sluttar nok ikkje her. Neida.

Det vert nok endå ei til...

bottom of page