top of page

Herifrå vart derfrå.


I 1989 måtte Jarle slutte for å flytte til Oslo pga jobb. Kva no?

Bandet hadde eksistert i 9 år, spela mykje, og karane hadde så smått byrja å gå lei. Etter nokre månader i uvisse, rykte likevel foten såpass at eit møte måtte til. (Baarelaget sine "møter" er legendariske.)

Raske avgjerder førte til at bandet vart reorganisert. Inn kom Hogne Fjukstad på trommer og Svein Erik Aamås på keyboard. Begge var frå Volda. Det vart med ein gong klart at skulle det ha ei meining å fortsette måtte det lagast ny plate!

1998-herifrå: Svein Erik, Hogne, Kyrre, Kjell Rune og Arne

"Herifrå" vart innspelt i Volda i, på leigd utstyr frå Molde lydstudio. Prosjektet vart omfatta med stor lokal interesse. Plata vart ferdiggjort og miksa i Sigma lydstudio i Bergen, nok ein gong av Yngve Sætre. Totto Nilsen stilte som vanleg med eit par sterke bidrag.

I 1990 kom plata ut. Og kva skjedde akkurat då? Jau: Kong Olav døydde og gulf-krigen var i full gang. Det var eit fantastisk utgangspunkt for å få merksemd for ei plate utgitt av eit rocke-band frå Sunnmøre! Lanseringa vart difor ikkje den aller beste, likevel vart det etterkvart bra merksemd frå media - radio for det meste. "Ferjemannj på vei" vart ein lokal hit. Spelejobbar fylde i kjølvatnet av lanseringa. Bandet fekk organisert eit verdig 10 - års jubileum og framtida såg lys og fager ut. Likevel - gnisten mangla, bandet var ikkje det det hadde vore, gutane hadde blitt "vaksne"."Time to move on" tenkte Kyrre på engelsk, og i 1991 tok han med seg familien og flytta til Austlandet. Eit kapittel var over.

​

Byrjinga av neste halvpart.

For å betale gjeld heldt karane det gåande i 1992, med Kyrre flygande heimatt til spelejobbar. Tre traurige dagar på hotellet i Sykkylven påska 1993 vart siste jobb med Hogne og Svein Erik, men det visste ingen om då. Fram til 1995 skjedde det ingenting. Ingen snakka likevel om at det var slutt med Baarelaget. Medlemane spelte i band kvar for seg.

​

Sterke sosiale band hadde utvikla seg mellom 1984 - besetninga Arne, Kyrre, Kjell Rune og Ivar Bjarne. Etter at Kyrre flytta til Ørsta i 1995 og diverse "møter" (sjå ovanfor) vart avhaldne var konklusjonen klar: Sunnmøre Baarelag består, og det med Ivar på trommer!

Dei fekk spele tre jobbar saman. Ein i Oslo for "Sunnmørsringen", ein jobb i Volda på "Det Grøne treet" - og til sist den legendariske kvelden på Porsekjellaren i Februar 1996.

Ein fantastisk kveld for oss som var der. Musikk, ord og ånd vart eitt, og heile ideen med Sunnmøre Baarelag fekk sitt unike uttrykk.

4

Dette vart den siste spelejobben Ivar Bjarne fekk vere med på. 14 dager etter fekk han kreftdiagnosen. Han døydde 4 månader seinare på Ullevål sjukehus. Han er no gravlagd i Ørsta.

 

Ivar Bjarne slappar av før siste spelejobben på Porse februar 1996

Det var ingen tvil Baarelaget måtte fortsette og Jarle Ringset måtte erstatte Ivar Bjarne! Jarle var klar, og bandet fekk sin "debut" under Dei Nynorske Festspela 1996. Det vart 6 Jobbar på rad, m.a. for 800 ungdomsskuleelevar. I tillegg vart det kjempestas på Rogne, Haram kommune. Åra etter heldt Baarelaget målsetjinga om å spele 7 - 10 kveldar i året saman med Jarle. Våren 1997 gjekk bandet i studio, med vikar Frode Sundnes frå Ørsta på trommer for å spele inn fem nye låtar. Dette vart dei første nye låtane bandet øvde inn sidan 1989!
 

Lange avstandar og mykje reising gjorde at Jarle Ringseth slutta i bandet sommaren 1998. Han vart dermed førstemann som har slutta friviljug i bandet to gonger. Bandet er han stor takk skuldig for desse åra. Jarle innehar livsvarig æresmedlemsskap i bandet med gratis tilgjenge til alle konsertar som bandet held!

90-tals versjon av Jarle Ringseth

Nok ein gong var det ingen tvil om kven som skulle ta plassen bak trommene. Frode var rette mannen og valet stod mellom han og ingenting. Heldigvis vart det Frode. Han er Ørsting - og slik vart alle medlemmene i Baarelaget samla i Ørsta for første gong.

Dermed var det duka for større aktivitet, m.a. med øvingar, nye songar og full gass framover mot eit nytt årtusen !

bottom of page