top of page

Byrjinga
 

Hausten 1980, ein kveld på studentkroa i Porsekjellaren i Volda, møttest to kjekke karar som såvidt kjende kvarandre frå før.

Dei var på den tida studentar, busette i Volda og begge hadde kjennskap til at den andre var spelemann."Vi må starte band", vart dei raskt einige om. Desse to var Arve Åheim frå Selje og Kyrre Grimstad frå Ørsta. Kyrre kjende ein trommeslagar, Ivar Bjarne Hovden, som straks sa seg viljug til å vere med. Ivar Bjarne på si side kjende ein gitarist, Kjell Rune Klubbenes.

Slik vart det at den første øvinga kunne ta til. Det var på førjuls-vinteren 1980, i gamle musikkbrakka ved lærarskulen i Volda.

Den aller første melodien som vart øvd inn var "Dead Flowers" av Jagger/Richards. På denne øvinga hadde Sunnmøre Baarelag også sin aller første tilhøyrar. Det var Erik Stephansen, kjend frå m.a. TV2.

​

Etterkvart vart det klart at medlemane i bandet hadde ambisjonar utover berre det å spele coverlåtar. "Blide Mannj" hadde Kyrre i kofferten frå før, og etter denne laga bandet mange låtar. Mange av desse dannar framleis noko av grunnstamma i bandet sitt repertoire.

Bandet opererte dei første åra mest i studentmiljøet i Volda. I 1982 vart det laga eit opptak frå ei øving. Dette ga Arve til Åge Aleksandersen på ein dans i Selje. Og dermed var neste kapittelet i gang.

​

Plateinnspelingar, konsertar og full pakke!
Åge Aleksandersen har betydd mykje for Baarelaget. Han likte det han fekk høyre, og etterkvart vart det klart for innspelinga av singelen Blide Mannj på plateselskapet På Norsk.

Turen gjekk til Nidaros studio i Trondheim, med Rune Nordal som teknikar og co-produsent saman med bandet. På denne innspelinga var Totto Nilsen med på munnspel. Han og bandet innleidde dermed det som skulle bli eit nært, fuktig og fruktig samarbeid, heilt til i dag. Arve Åheim slutta, Arne Moe byrja og bandet fekk jobb på Stiklestad, "Dialæktråkkfestivalen 1983".

​

På Stiklestad 1983, med Totto Nilsen og ein debuterande Arne Moe i bakgrunnen

Neste større oppgåve vart Glopperock 1984. På denne tida byrja gruppa å spele rundt om på Nordvestlandet i stor stil. Dei opplevde at "Blide mannj" ( - ej liiiikakje auene hass) vart svært populær. Singelen selde godt og gutanje var i siget! Ein legendarisk tur til Bergen, for ein jobb på "Hulen", vart også gjennomført, med full pressedekning. Snøras, kollisjonar og Rock n' Roll! Ny buss måtte kjøpast inn og vanlege folk kunne ikkje lenger ferdast trygt utandørs.

​

Kontakta med Åge A. var der heile denne tida, og det var meininga at På Norsk skulle lage plate (LP) med bandet. Studio vart booka, Åge sa seg viljug til å stille som produsent og innspelinga byrja i Mai 1985. Mykje rart hende. Plateselskapet takka for seg pga. økonomisk rot og taket i studio datt ned (sant). Etter nokre raske telefonar til banken og kjempeinnsats fra studioet, vart likevel "Kjekke Kara'" bandlagt. Tekstane og musikken på denne plata vart etterkvart svært etterspurt og fekk stor merksemd, både på lokalet og i radio.

Sunnmøre Baarelag 1985. Frå venstre: Ivar Bjarne, Kjell Rune, Kyrre og Arne.

I 1987, etter nokre gode år i bandet, takka Ivar Bjarne for seg for å flytte til Oslo.

Jarle Ringset frå Sykkylven kom inn som ny trommeslagar..

Sunnmøre Baarelag 1987. Frå venstre: Jarle, Arne, Kyrre og Kjell Rune.

I åra 1987 - 89 hadde bandet 50 - 100 spelejobbar pr. år - mest på lokalet på Nordvestlandet. Mykje speling og øving gjorde no at bandet var godt samspelt. Det kan høyrast på singelen "Med gitar" som vart innspela i Sigma lydstudio i 1987.

Teknikar var Yngve Sætre frå Ørsta. Han er no ein kjend produsent for fleire landskjende artistar og har vunne fleire prestisjetunge prisar som t.d. Spellemannsprisen. Yngve spelte i bandet Arne var med i før han byrja i Baarelaget og kjende difor karane godt frå før.

 

I 1988 fekk bandet eit nytt "prestisjeoppdrag". Dei vart plukka ut for å representere Møre og Romsdal fylke ved Distriktskampanja "Ut av trengselen". I høve denne kampanjen vart filmen, "Når kassa er tom" laga. Kyrre og Baarelaget stod for musikken og Kyrre hadde ei lita rolle i filmen saman med bandet sin buss "Gadaffi" (Det var ein 1967-mod. DAF!). Filmen vart vist på TV.og m.a. distribuert til alle skular i landet.

bottom of page